Mor Å, mor, nå er dei farne
dei mange livsens år
Da var du vesle barnet
du no i hausten står
Men medan lauvet
gløder
med fager haustleg glans
deg - kjærast mellom møder
me bind ein blomsterkrans
Og kvart eit blad skal
vera
ei kjærleg takk til mor
Kvar blomen deg skal æra
for arven rik og stor
Men aldri nok me takkar
for alt me frå deg fekk
for alle tunge bakkar
som du for borna gjekk
Det var på oss du
tenkte
det var for oss du sleit
Tidt sveittedråpen blenkte
og stundom tåra heit
|
|
|
No dine mange søner
og dine døtrer med
vil takke for dei bøner
du for oss bad, og bedMe veit at du det beste
i livet lærde oss
for foten finst eit feste
ved Jesu Kristi kross
Og difer er me glade
for kristen far og mor
Til Gud stig takkekvadet
for fagrast skatt på jord
Å mor, gjev du må
vera
enn hjå oss mange år
med smil ditt haustgull bera
og venta livsens vår
No lyser aftan-elden
med gull på kvar ei sky
Me ynskjer sol i kvelden
og så - eit fagert gry.
Trygve Bjerkreim
|